Gruppenamn: no.alt.gratulerer Kort skildring: Gratulasjonar med ting, dagen, livet og livssituasjonen. Målet med gruppa: Ei gruppe for å poste, eventuelt kryssposte til med follow-up til, gratulasjonar, slik at alle postingane til dei som hengjer seg på gratuleringen kan samlast ein lett tilgjengeleg plass. Me vil ha: - Posting av gratulasjonar for alt mellom himmel og jord. - Kryssposting med follow-up til gruppa av gratulasjonar for alt mellom himmel og jord. - Kryssposting med follow-up til gruppa av gratulasjonssvar til postingar på andre grupper som omhandlar eitt eller anna av alt det mellom himmel og jord ein kan gratulerast for. Me vil ikkje ha: - Ironiske gratulasjonar - Personåtak - Reklame Grunnlaget for gruppa: Dei lange og omfattande trådane med gratulasjonar og aol-postinger til gratulasjonar ein tidvis finn på mange grupper, syner at det kan trengst ei gruppe for å samle gratulasjonane på ein lett tilgjengeleg plass.