Gruppenamn: no.fag.typografi Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Typografisk praksis, estetikk og erfaringer. Målet med gruppa: Gruppa skal vere ein møtestad for personar som er interessert i trykkekunst og grafisk formgjeving av dokument. Vi vil ha: Diskusjon om typografi-relaterte tema. Nokre eksempel: - Ulike skrifttypar og kva dei eignar seg til. - Typesetjings-konvensjonar («Kva sitatteikn skal ein bruke?», «Kva er skilnaden på aksentane?» osv.) - Programvare for typografar (Fontographer, Quark etc.) i den grad der ikkje finst meir spesifikke grupper for programmet (gjeld f.eks. TeX). - Typografi-terminologi. Vi vil ikkje ha: Diskusjon om rettskriving (bruk no.fag.spraak.diverse). Heller ikkje annonser og reklame, det skal skal sendast til no.annonser.* Grunnlag for gruppa: Erstattar no.typografi.