Gruppenamn: no.it.programvare.emacs Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Om editoren Emacs. Målet med gruppa: Å ha ein stad der ein kan diskutere bruk av Emacs og utvidelsar av Emacs. Alle Emacs-variantar er velkomne: GNU Emacs, GNU XEmacs, Gosling Emacs etc. Vi vil ha: * Diskusjonar om bruk og tilpassing av Emacs. * Spørsmål og svar om programmering i Emacs Lisp. * Diskusjonar om store og små programpakkar skrive for Emacs-miljøet, f.eks. Gnus, vm, ange-ftp, GUD. Vi vil ikkje ha: * Kranglar om kva som er best av vi og Emacs. * Kranglar om kva som er best av GNU Emacs, XEmacs osv. * Vi vil heller ikkje ha reklame eller andre former for spam. Grunnlaget for gruppa: Skal erstatte no.it.emacs.