Gruppenamn: no.sport.hockey Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Gruppe for diskusjon rundt hockey, både med og utan is. Målet med gruppa: Eit forum for diskusjon om hockey, i alle variantar. Vi vil ha: - Diskusjon om alle aspektar ved og greiner av hockeysporten. - Informasjon frå lag, klubbar, forbund, arrangørar eller andre som har behov for å nå norske utøvarar. - Ein hyggjeleg og konstruktiv tone skal tilstrebes. Vi vil ikkje ha: - Artikler relatert til andre idrettar enn hockey. - Nokon form for reklame, kommersielle annonser e.l. Det går bra med privatsal av billettar o.l. men man bør i så fall merkje annonsa med "selges:", "salg:" e.l. og begrense seg til pålydande pris pluss ev. omkostningar. Grunnlaget for gruppa: I lengre tid no har gruppa no.sport.diverse fungert som ei bortimot reindyrka ishockeygruppe. Det har vore ein jamn straum med postingar, og etterkvart har gruppenamnet vorte svært misvisande. I tillegg er no.sport.diverse ei lite nytta gruppe, noko som me trur gjer at svært mange som vil diskutere ishockey eller andre greiner av hockeyen rett og slett ikkje veit at ein slik diskusjon føregår. Ved å få oppretta no.sport.hockey, har me god tru på at mange vil verte å nytte gruppa aktivt. Sjå tilsvarande grupper for volleyball og paintball som har relativt stor trafikk. Det er intet grunnlag for å tru at ei hockeygruppe ikkje vil oppnå samme trafikkmengde. no.sport.hockey er endå meir aktualisert no som fleire nordmenn er på veg til NHL, noko som vil føre til ein auke i interessa. Ved å inkludere andre greiner av hockeysporten som bordhockey, inline, landhockey m.m. har me tru på at trafikken vil halde seg oppe i ishockeyens off-season òg.