Subject: splitting av no.norsk? From: jardar(at)nvg.unit.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) Date: 1997/05/14 Message-ID: <5ld8ou$9s2@due.unit.no> Newsgroups: no.norsk,no.news.diverse Det vert ikkje presentert noko charter her, men eit framlegg til drøfting etterfylgt av ei _oppsummering_ av det eg har skrive. Den oppsummeringa er _disponert_ etter chartermalen (http://www.usenet.no/charter/veiledning.html), men må ikkje sjåast på som noko charterframlegg. ************************* På no.norsk finn me i dag både faglege diskusjonar (både norsk/nordisk og generell lingvistikk), rettskrivingsspørsmål, etymologi, uttale, dialektar og meir ålmenne diskusjonar kring språk, utan den tunge faglege vinklinga. Inntrykket mitt er likevel at det er fleire fagfolk og sakkunnige på no.norsk i dag enn det var då eg kom meg på nettet i 1992. Det har tidlegare vore drøft om no.norsk heller burde ha vore no.vit.norsk, no.vit.lingvistikk el.l. Etter slik eg opplever medvitet om språk og språkspørsmål her i landet, ser eg likevel ikkje noko problem med å halda på no.norsk(.*). Ogso som fagmann kan ein konstatera at språkpolitiske og språkteoretiske diskusjonar er mange i Noreg og på Usenet, og det skulle ikkje vera til mein å halda fram med den friske debatten mellom lek og lærd som me allereie har. Det har vore drøft om no.norsk skulle vera ei reint fagleg gruppe. Ein noko laus konklusjon vart, om eg hugsar rett, at fagfolk må respektera at språk opptek mange fleire enn fagfolk, samstundes som dei som ikkje er fagfolk, må respektera at det ogso skjer faglege diskusjonar på gruppa. Pga. den overveldande meiningsfloraen på no.norsk (og for den saks skuld andre grupper òg) kring den norske tospråkssituasjonen har det tidlegare vorte snakka om å oppretta no.norsk.strid, men eg kan ikkje hugsa at debatten har kome noko lenger enn til framlegget. Trafikken burde vera stor nok til ei slik splitting, men det er fleire spørsmål ein må taka stilling til fyrst: 1) Vert det att noko trafikk på no.norsk etter ei slik splitting? Dvs. dekkjer no.norsk andre funksjonar enn ei slik språkstridsgruppe? 2) Vil det lata seg gjera å kanalisera språkstriden som oppstend i trådar på no.norsk, inn i ei slik språkstridsgruppe? 3) Er no.norsk.strid eit dekkjande namn? Kva er føremålet med gruppa? (Jf. at charter må lagast.) Til 1: Ja, det kjem til å vera trafikk på no.norsk etter ei slik splitting. Allereie i dag er det, som nemnt, mykje ålmenn språktrafikk på gruppa, både fagleg og ufagleg. Til 2: Språkstrid vil kunna oppstå på no.norsk som på andre grupper. (Stundom held det å skriva ein artikkel på «feil» målform.) No.norsk er likevel meir utsett for språkstrid, sidan gruppa handlar nettopp om språk. Når dét er sagt, vil det alltid kunna skje at trådar sporar av utan at det vert sett followup til rett gruppe. Til 3: Språkstrid oppstend likevel lettast når ein i utgangspunktet diskuterer språkplanlegging, språknormering, språkpolitikk og språkideologiar. Ei slik språkstridsgruppe kunne difor med fordel vera ei gruppe for språkplanlegging/-normering/-politikk/-ideologiar/-strid. Ikkje berre bør det vera eit mål å få kanalisert språkstriden bort frå no.norsk, men det bør òg vera eit mål at den nye gruppa ikkje like gjerne kunne heitt no.norsk.flame. Det må, som på no.norsk, vera ope både for faglege diskusjonar og personlege meiningsutvekslingar. Den aldrande men framleis litt levande tråden på no.norsk om «Prinsipp for skriftspråka» ville t.d. kunna høyra heime i den nye gruppa, saman med tråden «Aksjonen for språkleg rettferd i skulen». Som ein ser nettopp av «Prinsipp for skriftspråka», vil ein likevel kunna få ei tematisk overlapping med no.norsk. Men dette er jo òg tilfelle med no.norsk.fagord, og grunnen er enkel: Jamvel om grunnstomnen til innhaldet i ei gruppe er meint å vera slik eller slik, so vil jo aldri noko emne kunna sjåast isolert, det vil alltid ha ein skyldskap til andre emne. Ein diskusjon kring norsk språkpolitikk kan dermed føra til deldrøftingar som i seg sjølve kunne høyra heime på no.prat.politikk, men som i sin kontekst like gjerne kan vera på den opphavlege gruppa. Namn på gruppa kan dermed vera t.d.: no.norsk.strid no.norsk.normering no.norsk.sprakplanlegg no.norsk.politikk no.norsk.sprakpolitikk No.norsk.strid vert etter mitt syn for snevert, jf. kommentarane til pkt. 3 over. No.norsk.normering vert òg for snevert, men då på hin enden av skalaen. No.norsk.sprakplanlegg vil dekkja det ideologiske grunnlaget for språkstrid,og det vil òg dekkja normeringsdebattar. Men det vil ikkje dekkja t.d. språkkløyvde lærebøker, som òg har mykje med språkpolitikk å gjera. No.norsk.politikk vil alle nykomlingar tru handlar om politikk ålment, og no.norsk.sprakpolitikk vil ikkje dekkja normeringsdebattar. Eit anna framlegg kan difor vera: no.norsk.sprakideologi «Språkideologi» dekkjer både språkstrid, språkplanlegging, normeringsideologiar og ålmenn språkpolitikk. Det kan sikkert finnast betre framlegg på gruppenamn, eg vonar i alle fall det. Eit problem med no.norsk.sprakideologi er at det ikkje eksplisitt vil dekkja den delen av språkstriden og språkpolitikken som ikkje har med ideologi å gjera. Men å glefsa over alt og kalla det «no.norsk.sosiolingv» vil vera ei overdriving. Kanskje rett og slett: no.norsk.spraaksyn *********** Dette er ikkje eit charter, men ei oppsummering av det eg har skrive over, _disponert_ etter chartermalen. * GRUPPENAMN Kanskje no.norsk.spraaksyn * SKILDRING Kanskje «Språkpolitikk, språkplanlegging og språkstrid» kunne passa. * MÅLET MED GRUPPA Gruppa skal vera eit forum for språkpolitikk, språkplanlegging, språkstrid og dei ulike ideologiane som ligg til grunn. * ME VIL HA både faglege og ikkje-faglege diskusjonar, meiningsutvekslingar osb. om dei emna som er nemnde som mål for gruppa. Skylde emne vil naturleg dukka opp i diskusjonane (t.d. talemål, norrønt, språksituasjonen i andre land, sosiolingvistikk generelt...). * ME VIL IKKJE HA: Jamvel om ein må tolerera kraftig språkbruk, påstandar og frustrasjonsutbrot om so kjensleladde og personleg engasjerande emne som t.d. hovudmål/sidemål, vil det vera eit mål å unngå beiske personkarakteristikkar og ugrunna påstandar. Ein bør òg unngå at ein tråd som inneheld skylde emne (t.d. talemål og norrønt), sporar av til å handla om desse avsporande emna utan relevans til dei språkideologiske aspekta. Når ein tråd sporar av på ein slik måte, bør han sendast vidare til no.norsk, der han vil ha meir ålmenn interesse. Sporar ein tråd av på andre måtar, bør har òg sendast bort til ei relevant gruppe. * TRONG FOR GRUPPA Meiningsfloraen om språkideologiske spørsmål er overveldande på Usenet allereie, ikkje berre på no.norsk, men òg til dels på andre grupper, som no.general og no.alt.diskusjoner. Dette har sjølvsagt samanheng med at språk opptek oss alle på éin eller annan måte, og meir i Noreg enn i mange andre land. Dette siste pga. språksituasjonen her i landet. Gruppa vil spesielt avlasta no.norsk, som framleis vil ha god trafikk om andre sider ved språk meir ålment. Jardar -- Det viktigaste er ikkje å vera perfekt, men å vera.