Newsgroups: no.general,no.prat.seksualitet,no.news.diverse Subject: Forslag til no.annonser.kontakt From: "Rune Løvlid" Date: Tue, 05 May 1998 19:44:23 +0200 Message-ID: <354F4FF7.CE7B4FED@online.no> Etter å ha irritert meg over aukande mengde av kontaktannonser på n.p.s., føresler eg å opprette ei eiga gruppe for dette. Har laga eit utkast til charter for gruppa. Namnet er no.annonser.kontakt (er open for andre forslag) charteret er: Fyrste utkast 05.05.1998 Gruppenavn: no.annonser.kontakt Kort beskrivelse (maksimalt 56 tegn, det blir helt hit): Private kontaktannonser. Målet med gruppen: Gruppa no.annonser.kontakt er tenkt å gje kontaktsøkjande eit eige forum. Personer som søkjer kontakt får ein eigen plass å finne kvarandre. Vil vi ha: Kontaktannonser frå alle som søkjer ein annan person. Det kan vere annonser for å finne seg: ein brevvenn, venn/venninde, livspartner, eller liknande. Respekt for at andre er forskjellige. Vil vi ikke ha: Annonser frå komersielle kontaktannonsører. Uthenging og usaklege kommentarer til annonser. Den enkeltes legning og ynskjer skal ikkje bli brukt mot annonsøren. Korrigering av stavefeil og andre språklige unøyaktigheter. Spam og reklame er heller ikkje velkomne her. Behovet for gruppen: Det er på no.prat.seksualitet kome eindel kontaktannonser. Dette er ikkje ynskjeleg på n.ps., og kan øydeleggje gruppe viss det får utarte. Annonsene viser at det er eit behov for ei eiga gruppe der kontaktsøkjande kan treffast. Forslagsstillar Rune Løvlid (rlovlid(at)online.no) Finn og forslaget på http://home.sol.no/~rlovlid/news/kontakt.txt Rune Løvlid -- "you're not me, therefore you're irrelevant" Dogbert rlovlid(at)online no Visit the ATCHO joke pages. http://home.sol.no/~rlovlid