Newsgroups: no.typografi,no.news.diverse Subject: Endeleg forslag til charter for no.fag.typografi From: Kjetil Torgrim Homme Date: 01 Dec 1998 02:35:16 +0100 Message-ID: <1r67bwmyp7.fsf@haey.ifi.uio.no> [Dette er eit endeleg charter for denne gruppa. Sidan gruppa skal opprettast som ein del av endringane vedteke i strukturvalet, vil det ikkje kome noko "endeleg forslag om å opprette gruppa" -- om det ikkje kjem innvendingar til charteret i løpet av ei veke vil gruppa opprettast.] Gruppenamn: no.fag.typografi Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Typografisk praksis, estetikk og erfaringer. Målet med gruppa: Gruppa skal vere ein møtestad for personar som er interessert i trykkekunst og grafisk formgjeving av dokument. Vi vil ha: Diskusjon om typografi-relaterte tema. Nokre eksempel: - Ulike skrifttypar og kva dei eignar seg til. - Typesetjings-konvensjonar ("Kva sitatteikn skal ein bruke?", "Kva er skilnaden på aksentane?" osv.) - Programvare for typografar (Fontographer, Quark etc.) i den grad der ikkje finst meir spesifikke grupper for programmet (gjeld f.eks. TeX). - Typografi-terminologi. Vi vil ikkje ha: Diskusjon om rettskriving (bruk no.fag.norsk.diverse). Heller ikkje annonser og reklame, det skal skal sendast til no.marked.* Grunnlaget for gruppa: Skal erstatte no.typografi. -- Kjetil T.