Newsgroups: no.samfunn.media.diverse,no.media,no.pressemeldinger.diskusjon,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.samfunn.media.diverse! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 22 Dec 1998 22:42:27 -0000 Message-ID: <914366546.27257@usenet.no> no.samfunn.media.diverse er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.samfunn.media.diverse Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Medier og mediepolitikk i Norge. Målet med gruppa: Å skape eit forum der ein kan diskutere media og det som skjer i media. Vi vil ha: Diskusjon om mellom anna: - presseetikk - mediedekning - pressemeldingar Vi vil ikkje ha: Diskusjon om - politikk (bruk no.samfunn.politikk) - program på radio og tv (bruk no.samfunn.media.radio-tv) ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no