Newsgroups: no.samfunn.narkotika,no.prat.narkotika,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.samfunn.narkotika! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 22 Dec 1998 22:42:38 -0000 Message-ID: <914366558.27267@usenet.no> no.samfunn.narkotika er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.samfunn.narkotika Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Om narkotiske/kriminaliserte rusmiddel, lovgiving, mv. Målet med gruppa: Eit forum for diskusjon omkring narkotika og ruspolitikk. Vi vil ha: Diskusjon om mellom anna: - lovgiving og evt. legalisering - alternativ til forbod - alle narkotiske stoff, frå hasj til heroin og PCP - bruksområde og -metodar - andre oppkvikkande stoff eller rusmiddel dersom diskusjonen har samanheng med narkotika. - prisnivå Vi vil ikkje ha: - personforfølgelsar Grunnlaget for gruppa: Denne gruppa erstattar no.prat.narkotika. ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no