Newsgroups: no.samfunn.seksualitet,no.prat.seksualitet,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.samfunn.seksualitet! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Tue, 23 Mar 1999 10:25:39 -0000 Message-ID: <922184738.15287@usenet.no> no.samfunn.seksualitet er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.samfunn.seksualitet Kort skildring: Diskusjon om seksualitet og seksualliv. Målet med gruppa: Gruppa skal vere eit ope diskusjonsforum om seksualitet, samliv og beslekta emne. Gruppa er open for alle som er interesserte i å diskutere seksualitet i vid forstand. Gruppa skal ikkje vere eit forum for kontaktannonsar, heller ikkje for formidling av seksuelle tenester. Vi vil ha: - lav terskel for å delta - deltakarar som respekterer vanlege reglar for skikk og bruk på nettet - eit sosialt tilsnitt - dette er no.samfunn.seksualitet, ikkje "no.fag.medisin.seksualitet" - eit forum prega av mangfald og toleranse; ein bør utvise respekt for andres syn og seksuelle preferansar. Hugs at ikkje alle tenker likt. I utgangspunktet bør alle poste med fullt namn, men anonyme postingar er velkomne så lenge dei elles held seg innanfor rammene for gruppa. Vi vil ikkje ha: - private annonsar - reklame, kommersielle postingar og spam - kontaktannonsar eller formidling av seksuelle tenester Behovet for gruppa: Erstattar no.prat.seksualitet ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no