Newsgroups: no.it.os.unix.linux.diverse,no.linux,no.news.diverse Subject: Velkomen til no.it.os.unix.linux.diverse! From: USENET Noregs Arbeidsutval Date: Wed, 02 Jun 1999 01:57:29 -0000 Message-ID: <928288649.29947@usenet.no> no.it.os.unix.linux.diverse er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så les siste delen av denne meldinga. Gruppenamn: no.it.os.unix.linux.diverse Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit): Operativsystemet Linux. Målet med gruppa: Å ha ein stad å diskutere det frie operativsystemet Linux. Vi vil ha: * Diskusjonar omkring bruk og installasjon av dei ulike Linux- distribusjonane. * Spørsmål og svar om problem med drivarar til maskinvare. * Diskusjon om programvareutvikling under Linux. Vi vil ikkje ha: * Artiklar om generelle Unix-emne bør heller postast til no.it.os.unix.diverse. * Vi vil heller ikkje ha reklame, postingar om jobbtilbod eller andre former for spam. Grunnlaget for gruppa: Skal erstatte no.linux. ------------------------------------ Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa? ------------------------------------ Grunnen er som regel anten 1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din. Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det gjerast. 2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne oppsettet sitt. inneheld opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til no.news.drift eller . -- For Arbeidsutvalet, Kjetil Torgrim Homme au(at)usenet.no