Newsgroups: no.usenet.admin Subject: Lufting av no.lokal.oslo From: "Morten =?ISO-8859-1?Q?=D8en?=" Date: Tue, 01 Apr 2003 20:10:30 +0200 Message-ID: Etter å ha fått positive tilbakemeldingar då eg lufta ideen om no.lokal.oslo på norge.oslo,er turen kommen til no.usenet.admin for ein liten lufting før eg sender fyrste utkast til charter til AU. Grunnlaget for gruppa syner seg i at det har heile tida vore ein viss, om enn relativt liten, trafikk på norge.oslo fram til norge.* fekk problem med propagering (eller-kva-det-no-heiter), og at det syner seg at det sakte tek seg opp att no etterpå. Erfaringen frå no.lokal.drammen så langt, kan tyde på at det ikkje blir mindre trafikk når det blir flytta frå norge.* til no.lokal.*, snarare motsett. Eg ser for meg at fyrste utkast i charteret går etter malen til charter for no.lokal.drammen, men eg vil ha tilbakemeldingar på (minst) ein ting før eg skriv utkastet ferdig. Under debatten, kom det framlegg om å ta høgde for at ein får undergrupper, både på bydelsnivå (for ulike definisjonar av bydel) og på utvalde tema (t.d. uteliv, samferdsle eller kultur). Eg likar ideen med undergrupper, og har tru på at spesielt tema-grupper kan finne grobotn, men òg somme bydels-grupper, der bydels-identiteten er sterk. Eg trur likevel ein fyrst bør opprette ei generell Oslo-gruppe, rett og slett avdi det er for usikkert enno om det vil vere trafikkgrunnlag for fleire Oslo-grupper i overskodeleg framtid. Då kan deretter oppretting av eventuelle undergrupper for tema eller bydelar finne stad på bakgrunn av interesse og trafikk. Men i kva grad skal charteret for Oslo-gruppa reflektere at ein ser for seg undergrupper på tema og/eller geografi? Og bør ein til og med gå så langt som til å kalle gruppa no.lokal.oslo.diverse for verkeleg å invitere til undergrupper? -- Morten Newsarar mot X-No-Archive Ein vanleg feil mange gjer er å lese n.a.f før dei les andre grupper.