Rutiner for Vaktmeister i no.alt

  1. Vaktmeister sender aldri ut rmgroup-meldingar i no.alt.
  2. Vaktmeister kan sende ut checkgroup for no for å gjere ei implisitt opprydding i no.alt.
  3. Grupper som vert oppretta i no.alt, skal takast med i den offisielle lista dersom fylgjande krav er oppfylte:
    1. Opprettinga er føreslådd på førehand i no.alt.config. Det er tilrådd at forslaget ligg ute i minst éi veke før gruppa vert oppretta, slik at ein har tid til diskusjonar rundt forslaget.
    2. Minst 4 personar støttar klart og tydeleg at gruppa skal opprettast. Forslagsstillar vert rekna som ein av dei. Støtte­erklæringar skal sendast til no.alt.config, og må vere mindre enn tre månader gamle når gruppa vert kravd lagt inn i lista.
    3. Gruppenamnet kan ikkje innehalde eit personnamn eller ein frase som identifiserer ein enkeltperson, viss denne personen motset seg gruppa på no.alt.config.
    4. Gruppenamnet oppfyller same tekniske krav som er fastsette for no (kun andre avsnitt, resten av bolken er berre ein god idé).
    Sjølv om ei gruppe ikkje fyller vilkåra i dette punktet, og dermed ikkje kjem med i den offisielle lista, kan mange njustenarar velje å tilby gruppa.
  4. Dersom Vaktmeister meiner at krava ikkje er oppfylte, skal han annonsere det på no.alt.config. Tilhengjarar av gruppa har då ei veke på seg til å kome med innvendingar mot avgjerda og leggje fram dokumentasjon på at krava i punkt 3 er oppfylt.
  5. Vaktmeister skal sørgje for at lista er oppdatert når checkgroup-meldingar vert sende ut, og skal utsetje utsendinga dersom det er strid om ei gruppe (jf. punkt 4).
  6. Dersom ei gruppe ikkje oppfyller krava i punkt 3 når opprettinga skjer, kan ein leggje fram eit booster-framlegg på no.alt.config. Eit slikt framlegg skal vurderast på same måte som det fyrste framlegget om oppretting.
  7. Vaktmeister kan fjerne ei gruppe frå den offisielle lista dersom minst eitt av fylgjande vilkår er oppfylt:
    1. Gruppa har ikkje lenger trafikk. Dette vert verifisert ved at Vaktmeister ber om svar frå lesarane i ei melding posta til gruppa. Dersom ikkje minst to lesarar i løpet av 30 dagar svarer (via njus eller epost) at dei ønskjer å behalde gruppa, vert gruppa rekna som inaktiv.
    2. Personen som gruppenamnet identifiserer (jf. 3c) sender klage til no.alt.config eller <vaktmeister@usenet.no>. Viss klagen vert teken til fylgje, vil vaktmeister offentleggjere klagen som grunngjeving for fjerninga.

Sist oppdatert 8. februar 2002 av Kjetil T. Homme.